Ragnild Hemsing

Ragnhild Hemsing

Ragnhild Hemsing skil seg ut blant dei nye talenta i Noreg som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen i Noreg, og det gjer henne til ein av dei første artistane som på ein vellykka måte smeltar saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og fullt ut moderne måte. Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir uvanlege og kompliserte verk skrivne for hardingfele. Innanfor samtidsmusikk kan nevnast samarbeidet med den norske komponisten Lasse Thoresen og den unge norske koreografen Hallgrim Hansegård. 

Ragnhild Hemsing spilte på Holmestrand Musikkfest 2026:

Fredag 19. juni 2026

Åpningsfest

Kl. 18.00

Lørdag 20. juni 2026

Kirkekonsert

Kl 15.00